KLAGETALE OVER KONG SALOMOS STOREBROR

 

Det einaste eg har med meg av lesestoff på turen er Bibelen. Så eg får god tid til å lesa i han. Fyrste samuelsbok har eg lest, og no driv eg på med oppfølgaren. I dag las eg om den forbudte kjærleiken mellom David og Batseba, ei kjent sundagsskulehistorie. Men eg trur avslutninga på historia nøye vart viska vekk for oss som høyrte historia på sundagsformiddagane, eller når me høyrte han om att når det sto kr.d. på timeplanen på barneskulen. David og Batsebas utenomekteskapelige forhold resulterte nemleg i ein liten baby. Babyens vetlebror vart langt meir berømt enn han, hans navn var Shaloma, i vår vestlige tradisjon betre kjent som Kong Salomo. Men idag er det historien om Kong Salomos storebror som gjeld:

 

2Sam 12:14-18

«Men fordi den gjerninga du gjorde, har gjeve Herrens fiendar grunn til å spotta, så skal òg den sonen du har fått, visseleg døy. Så gjekk Natan heim att. Herren slo barnet som David hadde fått med kona til Uria, så det vart sjukt. Og David vende seg til Gud for barnet skuld. David fasta strengt, og han gjekk inn og låg på jorda heile natta. Dei eldste i huset hans kom og ville reisa han opp frå jorda, men han ville ikkje, og han åt ikkje saman med dei. Sjuande dagen døydde barnet.»

 

Etter å ha lese dette, hadde eg mange spørsmål å stilla Gud, og eg stilte dei. Eg hugsar ikkje ordrett kva eg sa, men innhaldet var omtrent slik: «Greit nok, syndens lønn er døden, men kvifor skulle den minst skuldige part dø for synda som David gjorde (og som Batseba i minste fall gjekk med på)? Kan ein kanskje ana ein parallell til Jesu lidingshistorie, var ikkje Jesus også den minst skuldige parten, som måtte døy for det andre hadde gjort gale? Jau, eg kan for så vidt sjå det, men eg tvilar på at det var noko trøyst for Batseba. Dessutan, Jesus gjekk frivillig i døden, kva val fekk babyen? Han hadde ikkje bedt om å bli født inn i verda.

 

Men denne rørande, eller bør eg sei opprørande, historia i Andre Samuelsbok, er omgitt av mindre utbroderande, saklig refererande historiar om mange andre menneskers død. Det er nok liten grunn å henga seg opp i dødsfallet av eit enkelt menneske, når ein i forrige kapittel kan lesa om at 40 000 mann døydde for den israelske hærens hand på grunn av ei misforståing! Denne misforståinga gjekk ut på at David sendte nokre menn for å trøysa nabokongen som nett hadde misst far sin, men nabokongen trudde at det var spionar David hadde sendt, og klyppte alt håret av det, kledde dei nakne, og sendte dei heim att. Ille nok for dei som vart utsatt for det, men verdt 40 000 menneskers liv? Kunne ikkje ditt utvalgte folk ha prøvd å snakka fornuft og prøva å oppklara misforståinga før dei gjekk til full krig, Gud? Skulle ikkje ditt utvalgte folk vera eit annleisfolk? Eit folk som utøvde fred i det lengste, til alle andre løysingar var umogelege? Ein kan spørra slik, og komma fram til at mennesker gjer mykje dumt, mykje som ikkje var din vilje, Gud. Men korleis veit ein at det ikkje var din vilje?

 

Din vilje for Kong Salomos storebror var at han skulle tilbringa 9 månader i mors liv, hjelpelaus, verjelaus, med farar på alle kantar, og til slutt den risikofylte reisa ut i verda utan alle hjelpemiddela me kjenner i dag, berre for å idømma guten dødsstraff med det same han opna augene og skimta det kalde dagsljoset frå ei framand verd. Kvifor kunne du ikkje ha forhindra at Batseba vart gravid i staden for å føra ho gjennom eit langt og hardt svangerskap berre for å drepa babyen hennar? Det er harde ord, men det er det som er sanninga. For å læra den mektige Kong David ein lærepenge? Var ikkje den vetle gutens liv verdt meir enn enn ein lærepenge?

 

Kva viss denne nyfødde guten ikkje hadde vore så uheldig å ha David og Batseba som foreldre. Ville du ha drept han då, Gud? Det er dessverre ikkje noko eineståande ved korleis David og Batsebas sitt fyrstefødte barn vart avla. Over alt der det er krig, men også mange stader der det ikkje er krig, vert kvinner, gifte som ugifte, valdtekne av menn som er sterkare enn dei. Slik har det vore til alle tider. I Norge anno 2006 er det vel slik at like mange barn vert født utanfor ekteskapet som i ekteskapet. Foreldra deira kan ikkje på langt nær måla seg med Kong David i rettvise og moralsk høgvyrde. Dei er sjølvopptatte nordmenn, grådige, egoistiske, materialistiske – lista er lang. Men ungane deira får veksa opp i fred! Kvifor kvalifiserte den eine synda som Kong David nokon gong gjorde, som me veit om i alle fall, til at han måtte missta ein son? Var det ei synd av David å gi dette barnet livet, mens det var rett å drepa det same barnet? Er ikkje retten snudd på hovudet? Og kvifor måtte David straffast hardare enn alle andre ekteskapsbrytarar og valdtektsmenn? Fordi han tidlegare hadde levt eit uklanderleg liv? I alle andre rettssalar taler det tiltalte til gode at dei tidlegare har hatt uklanderleg livsførsel. It makes no sense. Og kva skal eg no sei når eg argumenterer mot abort i 12 veke, når du syns det var greit å drepa eit heilt uskuldig, nyfødd menneskebarn som var 7 dagar gamalt. Korleis kan eg argumentera for menneskets ukrenkelege eigenverdi, når denne babyens liv ikkje var verdt meir enn ein lærepenge? Alt dei treng for å setja meg fast no er tre enkle ord: Kong Salomos storebror.»

 

Så det sa eg til Gud i dag. Eit litt rart sammentreff var at tidlegare i dag, før eg leste om når David hadde sex før ekteskapet, så høyrte eg på DcTalk sin CD «Jesus Freak» i bilen på vei til jobb. Eg kunne ikkje unngå å få tårer i augene når eg høyrte etter kva dei faktisk syng i siste verset i songen What have we become ( Last ned Mp3-versjon her):

 

Mom and Dad are fighting

As Rosie lies there crying

For once again she's overheard

Regrets of their mistake

With Christmas bells are ringing

Little Rosie'd leave them grieving

The gift she'd give her family

Would be the pills she'd take

An inconvenient child

She wasn't worth their while