Semiotisk analyse av politiske web sider
I
denne oppgåva skal eg gjere eit forsøk på å lage ei samanliknande semiotisk analyse
av eit par politiske web sider.
Eg valde å skrive om web sidene til Barack
Obama, Hillary Clinton og John McCain. Eg trur desse kan vere ideelle å ta føre
seg, sidan dei alle er aktuelle kandidatar til presidentskapet i USA.
Vi kan starte med det fyrste ein legg merke til når ein kjem inn på ei web
side; nemleg design. Fargeval, motiv, bildebruk og liknande vert ikkje tilfeldig vald, det ligg som
oftast ein tanke bak. Alle dei tre kandidatane har nytta seg av kombinasjonar
av fargane raud, kvit og blå på sidene sine. Dette heng så klart saman med at
dette er fargane USA sitt flagg består av. I tillegg til å nytte desse
fargekombinasjonane, har både Clinton og McCain bilete av sjølve flagget. Obama
har ikkje bilete av sjølve flagget, men har fått konstruert eit eige ikon som
skal representere kandidatskapet hans – som så klart i tillegg til å bere
likskap til flagget, har dei same fargane der òg. Ein ting som heller ikkje er
tilfeldig med desse flagg-ikona, er at dei alle er plassert i nærleiken av sjølve
namnet på kandidaten, som òg er med på å bygge opp under inntrykket vitjarane
får av nasjonalisme og det at dei har landet sitt som fyrsteprioritet.
Både på Clinton si side og på Obama si side er det snarvegar til nettsamfunn og
–stader der ein kan verte ”ven” med dei, finne meir informasjon om dei, sjå
videoar av dei etc. John McCain, derimot, har ikkje lenkar til slikt på sida
si. Felles for dei begge er at dei lenkar til YouTube, Facebook, MySpace, Flikr
og Eons.
I litteratur vert det ofte snakka om gjentaking som eit virkemiddel, og på
desse sidene ser vi at det òg kan verte nytta i form av visuelle stimuli. McCain,
lik Obama, har òg eit slags ikon for presidentskapet sitt. Begge desse
kandidatane spreier desse ikona rundt på sidene sine. Det ein oppnår med dette,
er at vitjaren ubevisst plukkar opp korleis dette ikonet ser ut og kanskje
hugsar det. McCain har ei stjerne (og to striper) i ikonet sitt, som så klart
har sin referanse til det amerikanske flagg. Obama sitt ikon er òg
nasjonalistisk, som eg forklarte litt tidlegare, men har i tillegg ei anna
tyding. Dei raude og kvite stripene kan likne ein veg (Obama sin veg framover),
og det er mogleg å tolke det som er over stripene som ei stigande sol med
himmelen i bakgrunnen (som kan vere eit symbol på at det er tid for ei slags
oppståing for eit nytt USA med Obama i spissen).
Viss vi ser på bileta kandidatane har av seg sjølv på sidene sine, finn vi nok eit eksempel på at Obama er den av dei som ser ut til å ha lagt mest vekt på utforminga av diskursar på web sida. McCain og Clinton sine bilete er det ikkje noko i vegen med, dei ser begge både sjølvsikre og glade ut. Barack Obama, derimot, har eit bilete av seg sjølv der han ser framover. Eg veit ikkje mykje om politikken til dei tre kandidatane, men ein av dei få tinga eg veit er at Obama er den av dei som legg mest vekt på endring; difor passar dette biletet ekstra bra. Alle tre kandidatane har motto, oppfordringar og liknande spreidd rundt om på sida si: ”Ready to lead on day one”, ”help make history”, ”change we can believe in”, etc. Desse er indikatorar, løfter, for kva kandidatane i hovudsak meiner dei kan oppnå om dei kjem til leiarskap.
Hillary Clinton har vald å ikkje ha video
på sida hennar, medan McCain og Obama har. Gjennom forskjellane i videoane
deira kan vi sjå at dei ikkje berre går fram på ulike måtar, men at dei òg
prøver å nå ut til ulike folkegrupper. Obama har fått med Black Eyed Peas (ei
kjend R&B gruppe) og ei rekke andre kjendisar på ein slags fan-video av
presidentkandidaten. Dei har redigert klipp ifrå talene til Barack og laga ein
slags musikkvideo som er meint å appellere til dei fleste. Eit godt eksempel på
det er at dei t.d. har med ei dame som brukar teiknespråk. McCain har vald ein
annan framgangsmåte med filmen sin; nemleg å vise til det faktum at han er ein
krigshelt som har kjempa for landet sitt – og vil fortsetje med det. På denne
måten vonar han å vekke opp nasjonalitetsfølelsen i stemmarane, og vil nok i
hovudsak nå ut til menn (eit godt eksempel er at han t.d. får stemma til
Sylvester Stallone, sidan han veit å setje pris på tenestene denne mannen har
utført for USA).
Når det kjem til dette med knappar og ikon på den øvre delen, så har alle tre med det som trengst. Dei har informasjon om seg sjølv og livet sitt, kva saker dei kjemper for, kva du kan gjere for å bidra og mykje meir. Lenger nede på sida har dei diverse nyhende og artiklar frå talene sine osv. Det verkar som at dei har lagt vekt på at det skal vere tydeleg å sjå korleis dei kan gi donasjonar til kampanjane, sidan dette naturlegvis er viktig. Vi ser faktisk at alle tre har vald å ha raud farge på ikonet du kan trykke på viss du er interessert i å donere pengar, slik at den skal vere lett å få auge på.
Alt som er nemnt ovanfor er med på å bygge opp under eit image; eit bilete dei vil folket skal ha av kandidaten. I tillegg har sidene vorte lagra for å sikre seg fleire stemmer og kontribusjonar gjennom personar som er innom internett. Det finst sikkert dei som tykkjer det er unødvendig å leggje så mykje tanke bak ei slik web side, men kven veit: litt ekstra innsats her kan vere nok til å sikre seg akkurat nok stemmer i valet.
Kjelder:
Multimodal
Discourse (2001), Gunther Kress
Scott Rettberg
(forelesing)
http://www.barackobama.com/index.php
http://www.hillaryclinton.com/
http://www.johnmccain.com/
http://huin105v08.wordpress.com/