Molekylærbiologisk institutt har per i dag 37 plassar som vert disponerte av studentane ved instituttet. På grunn av høgt antal masterstudentar har ein til no ikkje kunna tilby plass til bachelorstudentar.
Dei 37 plassane vert delte ut til studentar etter ei prioriteringsliste, som blant anna går ut på antal studiepoeng og kor langt ein er kommen i masterstudiet. Nye plassar vert delte ut i byrjinga av kvart semester ved at dei som ønskjer seg ein plass skriv seg opp på ventelista som vert hengt opp utanfor lesesalen og på oppslagstavla til Heliks. Sjølve utdelinga vert gjort 1. februar og 1. september for høvesvis vår- og haustsemesteret.
På lesesalen er det 4 datamaskiner som er felles for alle. Her har derimot studentar som skriv på oppgåve prioritet. I tillegg er det tilgang på internettilkopling ved alle plassane, i tillegg til tilkopling til skrivar og fargeskrivar. Fargeskrivaren skal berre brukast til utskrift av fargebilete til masteroppgåver. Elles gjeld det same som over heile MatNat, spar skogen – unngå unødvendige utskrifter.
Utanfor lesesalen har vi eit hybelkjøken og ein sofakrok. Dette ligg kloss inntil kontora til administrasjonen ved instituttet, og då instituttet har ein opa-dør-politikk, betyr dette at brukarane av kroken må klare å beherske seg. Varm mat må tillagast berre før og etter arbeidstid (8.00-16.00) og i lunsjpausen. Utanom desse tidene kan ein nytte lunsjrommet i 5. etasje dersom ein treng mikrobølgjeomn. I tillegg må ein halde eit normalt støynivå slik at administrasjonen kan få jobbe i fred.
På kjøkenet gjeld vanlige reglar – mora di jobbar ikkje her heller, så rydd opp etter deg sjølv. Dette betyr oppvask og generell orden. Kvar veke er ein ny student ordensmann, denne har blant anna ansvar for å passe på at kjøken- og sofakroken ser ordentleg ut, og å rydde ut av kjøleskåpet. I kjøleskåpet skal all mat vere merka med namn og dato, slik at ordensmann ikkje treng å opne kvar pakke for å finne ut kor masse mygl som fins.
I tillegg er studentane pliktige til å følgje det reglement som Heliks har laga for lesesalen. Brot på desse vil kunne føre til at personen mister plassen sin på lesesalen. Konsekvensar av regelbrot vil verte avgjorde av Heliks.